lørdag 3. oktober 2009

Min første post

Ah, endeleg.
Eg har fått min eigen blogg. Dette var eigentleg ikkje min idé, men matmor mi sin idé (Imke). Ho brukar så mykje tid foran PCen sin og driv med dessa blogge-greiene, men hadde litt lite å seie av og til, syntest ho.
Så for å unngå skrivesperre kunne ho like greitt la meg fortelle litt.
Eg er jo ein hund, klart eg kan ikkje skrive sjølv.
Det er mykje eg får til med mine flotte svære brune labbar, men å trykke på desse små knappane slik at det blir til ord med meining, det går virkeleg ikkje.
Dessutan kan eg tenkje meg å bruke tid til viktigare ting.
Slappe av, for eksempe, og sove.
Og vera ute og snuse.
Stelle pelsen min. Slikke potene mine.. for ikkje snakke om mat, men det er det svært lite å få av her. Alt for lite.
Men eg greier meg nok på eit vis.
I alle fall, så er det Imke som får skrive for meg.
Me har nå kjend einannan i 9år, til og med får eg blei fødd, så var ho på tur med mor mi, Ylva. Det var hausten 2000, men då var eg altså bitteliten.
Og fødd er eg altså i november, og då eg var fire dagar gamal, stifta eg for første gong kjennskap med Imke.
Eg kan ikkje seie at eg hugsar så mykje. Som nyfødd valp høyrer ein ikkje så veldig godt, og ikkje såg eg så mykje heller. Men eg kunne då lukte ho.
Så me har kjent einannan ei stund nå, så eg stoler på at ho skjønner meg såpass godt at ho kan stå for skrivinga.
Nokre misforstålelser må ein vel rekne med, men det er ikkje så farleg.
Eg blir berre fornærma, når nokon klemmer halen min i døra eller tråkka på den.
Men det gjeng fort over, det også.
Så har eg og Imke tenkt over hot slags språk som var best å skrive i.
Imke er jo eigentleg frå Tyskland, men snakkar og skriv flytande norsk. Men heime, så har eg vakse opp tospråkleg.
Ho snakkar med meg like mykje norsk som tysk.
Det ville vera bra for meg å skjønne tysk, sa ho då eg var liten, for når eg skulle vera med på tur til Tyskland, så ville det vera greitt å skjønne språket.
Ikkje synst eg at det er så viktig.
Eg skjønner folk uansett språk, eg.
Dei fleste snakkar ganske tydeleg utan ein gong å opne munnen sin.
Og mange ord høyrest for meg ganske like ut på både norsk og tysk.

Men i utgangspunktet blir bloggen norsk. Kanskje Imke har seinare lyst til å skrive litt på tysk også, så får resten av familien i Tyskland også vite hot eg driv med for tida?
Eller til og med blir det ein trespråkleg blogg, der noko blir på engelsk, slik at nesten heile verda kan følge med på det eg gjer?

Forresten, så kan det vente. Me har altså blitt einige om norsk. Så får me sjå.
Det skal jo bli nok tid til overs til turar, og leik, og kos og soving, og det får vera måte på kor mykje Imke skal sitte foran den der skjermen sin i staden for å tilbringe kvalitetstida med meg.
Sidan ho har begynt å jobbe er det uansett blitt mindre enn tidlegare.
Men det er greitt. Eg har ein del søvn å få unnagjort. Eg høyrer ikkje lengre til dei yngste heller, og då er det viktig med nok restitusjons- og skjønnhetssøvn, slik at eg når som helst er klar til aksjon.
Og noko av det beste eg veit er jo akkurat å ligge her på sofaen på eit saueskinn og det deilig mjuke fleeceteppe mitt og småsnorke.. deileg..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar