onsdag 21. oktober 2009

Sofatid....

Hm.. ja da.
Eg har ikkje skrive på lenge.
Sjølv om eg har mykje å fortelje.
Eg har visst vore rampete i det siste, meiner Imke,
og det kan me godt skrive om i bloggen.

Greitt.
Eg tek meg ein liten blund i mens.
Det er tid for å ligge på sofaen med masse deilege og mjuke fleeceteppe.
Skal me sjå om eg har alt her:
hundepotetrykk-fleeceteppet mitt, sofateppe, Imkes sovepose som ho gløymte å rydde vekk, saueskinn, puter..
ok
Men når blir det eigentleg påfyll i koppe min?

søndag 4. oktober 2009

Den som leitar skal finne (mat)

Åh-åh.
Det er søndagsmorgon, eg har godt lagt meg til rette på sofaen, og prøvar å få varmen i meg igjen. Det har nemleg blitt ordentleg haust ute. Nesten vinter.
I går kom det snø. Eg bleit litt forbausa med det sama. Var ikkje me ute og sat i sola på fredag? Og så kjem laurdagsmorgon med snø?
Men snø er fint. Den er nok litt kald, men den er mjuk, av og til er den litt fluffy, av og til våt og nesten som gjørme. Det gjeng an å gøyme ting i snøen, og finne ting igjen i snøen.

Eg likar å leite i snøen. Då er var valp, så gøymte Imke ting for meg i snøen: ein tennisball, ein vott eller til og med godbitar. For å "aktivisere" meg. Som om eg ikkje var aktiv nok frå før?

Då eg såg snøen i går, kom eg på at eg ein gong tidlegare i sommar hadde tatt og gøymd eit tyggebein ein eller ein stad.
Det hadde eg nesten gløymd!
Mens Imke var inne og fortsatte med frukosten sin (Ho inntar store mengder med mat om morgonen. Eg derimot, får svært lite. Sjølv om eg også jobbar hardt. Eg ryddar nemleg mens ho sit der og et frukosten sin. Eg plukkar opp ting som ligg på golvet. Ein einsam sokk, ein blyant, små papirbitar. Og då får eg litt belønning. Men maken til små godbitar... )
benytta eg meg av tida og fann fram tyggebeinet. Det var blitt skikkeleg godt og modent. Luktar jord og blaut skinn og ein anelse råttent. Hm... eg kunne ikkje fatte min lykke!
Eg har ikkje for vane å gøyme mat. Det er mykje tryggare å ete den med ein gong eg får den, i tilfelle nokon annan melder også sin interesse. Dessutan er magen min alltid tom. Kjennest det som i alle fall.
Eg tok beinet med inn. Snøen ute gjorde at det ikkje var særleg behageleg å legge seg nedpå for å nyte godsaken. Og Imke har nok aldri tatt god mat ifrå meg.
Ho meinar at me har forskjellig mat når det gjeld visse type matvarar.
Bra er det.
For då har eg dei virkeleg gode sakene som mødne nedgravne tyggebein for meg sjølv. Hm.. Imke virkar ikkje spesielt begeistra når eg tok sats for å legge meg til rette på sofaen med tyggebeinet mitt.
Og såg heller ikkje glad ut då eg la det pent på sofaen.
Eg skulle heller legge meg ned på sauskinnet mitt og ete beinet der, sa ho.
Hm-
det valget blei vanskeleg.
Saueskinnet mitt ER veldig godt å ligge på, mjukt og godt, sidan det ligg oppå ein liten madrass. Men ingenting er bedre enn sofaen for å ha det varmt og godt og trygt og behageleg.
Kan ikkje Imke skjønne det? Dessutan er vel det linfarga sofatrekket vaskbart, er det ikkje det?
Litt jord og slim kan vel ikkje skade heller?
Men eg er ikkje lenger så nøye på det. Eg kan vente.
Kjøttbeinet har lege så lenge i nedgravd at det fint kunne vente litt til med å bli ete opp.
Og ved neste anledning til luftetur ute tok eg det med meg ut.
Snøen var ikkje så kald eigentleg, og dessutan håpa eg på at anten Turbo eller Ira (naboane mine, to engelsk setter) var ute og kunne sjå på.

Men det gjorde dei ikkje. Dei var ikkje ute i det heile tatt. Søren altså. Når eg først har skaffa meg ein slik delikatesse er det ingen som ser det.
Jaja. Nei vel.
Eg kosa meg med det likevel.
Det tok ikkje lang tid heller å ete det opp, sidan modninga hadde ført til ein aldeles fortrefflig mjuk konsistens. Hm..

I dag,Søndag, er snøen borte igjen, og sola er ute, og er har vore på oppdagerferd igjen.
Som sagt, det er skralt med frukostserveringa her. Tre små brødbitar har eg fått!
Sånne bittebittesmå bitar av ei brødskive.
Mens Imke langar inn med brødskiver, egg og juice.
Puh..
Då reisar eg heller ut og sjekker nabolaget litt til.

- - -
For berre eit par veker sida var eg nemleg så heldig og fann ut at nokon i nabolaget hadde blitt lei av fårikål, og satt ein heil kjele utanfor huset sitt.
Det er sjølvsagt god mat og skal ikkje stå ute aleine, og sidan eg kjente at eg var littegrann sulten igjen, så tok eg likegreitt å smakte litt på den. Den var ganske fersk, men det gjorde ikkje noko. Det er veldig godt med fersk middagsmat også.
Det treng ikkje alltid vera halvråtten for min del altså, heilt greitt om det er ferskt også.

Når eg først hadde smakt litt på fårikålen, så var det eigentleg ingen vits å la noko være igjen. Det var dessutan ikkje så veldig mykje, kanskje tre liter berre.
Det fylte magen godt,hm...
Eg trur ikkje at Imke skjønte noko i det heile tatt. Plutseleg kom ho ut, ferdig kledd med løpebukse og joggesko og ropte på meg og vifta med sele og leieband..
Åh åh..
Eg var eigentleg ikkje så veldig lysten på å springe rundt akkurat då..
Dessutan skal ein ikkje springe rundt med så mykje mat i magen, det kan vera farleg. Sjølv om den gode sjeldne følelsen av mett mage fristar ikkje så reint lite til å ta ein gledesdans eller to eller ein god løpetur.
Men ikkje då.
Tre liter fårikål låg tung i magen min.
Men men. Eg ville prøve, Imke såg så forventningsfull og glad ut, og klar til å springe minst ei mil -
eg prøva så godt eg kan å henge med i 50m, men det gjekk berre ikkje. Den bratte nedoverbakken kjendest som harde slag mot magen min, så eg måtte stoppe.
Imke blei litt forvirra og litt bekymra, og meinta at eg like godt kunne bli heime om eg ikkje ville vera med på løpetur.
Det hender så godt som aldri at eg ikkje vil vera med.
Me snudde, og dei 50m i oppoverbakke velta rundt på fårikålen min og etter at me endeleg hadde kome tilbake til trykke omgivelsar like foran huset vårt,
fekk eg endeleg frie meg frå dette tunge mageinnhaldet mitt..
Det blei visst ein heil meter eg spydde frå meg.

Det kjendest utruleg godt å kvitte meg med dette uvante lasset,
men ved synet av den gode varme fårikålen angra eg meg med ein gong.
Hot var det eg tenkte på?
Kaste bort all denne gode måten???
Eg såg at Imke forsvann inne i huset som eit lyn for å hente kost og feiebrett og bøtte, så nå gjaldt det å vera rask ute og få i meg fårikålen igjen....
Eg rakk ikkje så veldig mykje, og dessverre, mesteparten havna i bøtta og på komposten..

Imke såg imponert ut over mengda eg hadde greitt å få i meg.
Heldt bøtta og vega den litt opp og ned.
-Sikkert tre kilo, sa ho.
Greitt for meg, eg hadde hatt plass til meir.
Men kjelen var tom.

Og bøtta også, og også magen min.

Men det var kanskje greitt det også. Å vera med på løpetur er også moro, og mykje lettare utan tre kilo fårikål i magen.
- - -

I dag var det ingen som hadde satt ut mat til meg i nabolaget.
Det einaste eg kunne finne som likna på mat til meg, var ein tom sekk som lukta hundemat. Det måtte vera fôrsekken til Turbo.
Når eg tenker meg om, så synst eg ikkje folk fleste er flinke nok til å tømme verken matposar, jogurtbeger eller hermetikkboksar.
Som regel så er det masse mat igjen, det er berre å bruke litt tid for å få tak i dei små restane. Eg har med tida blitt skikkeleg god til å både lokalisere og tilintetgjera desse restane.
Labbane min har utruleg god finmotorikk til labradorpotar å vera, og eg brukar ikkje reint lite tid på å stelle klørne mine slik at dei blir til god redskap for opning av vesker, sekkar, nisteboksar og plastposar.
Å opne fôrsekken til Turbo i dag var veldig lett. Dessutan var det tidleg endå, og naboane mine merka ingenting.
Imke sat som alltid inne med kaffekoppen sin, og ante heller ingenting.
Det er godt å få litt arbeidsro.

Arbeidsroa varte ikkje så lenge, og etter at Imke hadde ropt tre gonger og eg ante eit snev av irritasjon i stemma hennes fann eg det fornuftig å vise meg fram.
Og for å vise at eg denne gongen ikkje dreiv med noko ulovleg, tok eg med fôrsekken.
Kanskje Imke vil ha litt smular frå fôrsekken ho også?

lørdag 3. oktober 2009

Min første post

Ah, endeleg.
Eg har fått min eigen blogg. Dette var eigentleg ikkje min idé, men matmor mi sin idé (Imke). Ho brukar så mykje tid foran PCen sin og driv med dessa blogge-greiene, men hadde litt lite å seie av og til, syntest ho.
Så for å unngå skrivesperre kunne ho like greitt la meg fortelle litt.
Eg er jo ein hund, klart eg kan ikkje skrive sjølv.
Det er mykje eg får til med mine flotte svære brune labbar, men å trykke på desse små knappane slik at det blir til ord med meining, det går virkeleg ikkje.
Dessutan kan eg tenkje meg å bruke tid til viktigare ting.
Slappe av, for eksempe, og sove.
Og vera ute og snuse.
Stelle pelsen min. Slikke potene mine.. for ikkje snakke om mat, men det er det svært lite å få av her. Alt for lite.
Men eg greier meg nok på eit vis.
I alle fall, så er det Imke som får skrive for meg.
Me har nå kjend einannan i 9år, til og med får eg blei fødd, så var ho på tur med mor mi, Ylva. Det var hausten 2000, men då var eg altså bitteliten.
Og fødd er eg altså i november, og då eg var fire dagar gamal, stifta eg for første gong kjennskap med Imke.
Eg kan ikkje seie at eg hugsar så mykje. Som nyfødd valp høyrer ein ikkje så veldig godt, og ikkje såg eg så mykje heller. Men eg kunne då lukte ho.
Så me har kjent einannan ei stund nå, så eg stoler på at ho skjønner meg såpass godt at ho kan stå for skrivinga.
Nokre misforstålelser må ein vel rekne med, men det er ikkje så farleg.
Eg blir berre fornærma, når nokon klemmer halen min i døra eller tråkka på den.
Men det gjeng fort over, det også.
Så har eg og Imke tenkt over hot slags språk som var best å skrive i.
Imke er jo eigentleg frå Tyskland, men snakkar og skriv flytande norsk. Men heime, så har eg vakse opp tospråkleg.
Ho snakkar med meg like mykje norsk som tysk.
Det ville vera bra for meg å skjønne tysk, sa ho då eg var liten, for når eg skulle vera med på tur til Tyskland, så ville det vera greitt å skjønne språket.
Ikkje synst eg at det er så viktig.
Eg skjønner folk uansett språk, eg.
Dei fleste snakkar ganske tydeleg utan ein gong å opne munnen sin.
Og mange ord høyrest for meg ganske like ut på både norsk og tysk.

Men i utgangspunktet blir bloggen norsk. Kanskje Imke har seinare lyst til å skrive litt på tysk også, så får resten av familien i Tyskland også vite hot eg driv med for tida?
Eller til og med blir det ein trespråkleg blogg, der noko blir på engelsk, slik at nesten heile verda kan følge med på det eg gjer?

Forresten, så kan det vente. Me har altså blitt einige om norsk. Så får me sjå.
Det skal jo bli nok tid til overs til turar, og leik, og kos og soving, og det får vera måte på kor mykje Imke skal sitte foran den der skjermen sin i staden for å tilbringe kvalitetstida med meg.
Sidan ho har begynt å jobbe er det uansett blitt mindre enn tidlegare.
Men det er greitt. Eg har ein del søvn å få unnagjort. Eg høyrer ikkje lengre til dei yngste heller, og då er det viktig med nok restitusjons- og skjønnhetssøvn, slik at eg når som helst er klar til aksjon.
Og noko av det beste eg veit er jo akkurat å ligge her på sofaen på eit saueskinn og det deilig mjuke fleeceteppe mitt og småsnorke.. deileg..