Imke har kjøpt inn noko nytt:
"Gastro-mat".
Ho blei plutseleg så entusiastisk og strøydde denne maten over all denne maten ho hadde laga seg frå før.
Eg observerte berre. Syntest jo at det lukta godt nok av maten frå før, men eg må jo innrømme, at det lukta ENDA bedre med den derre gastro-maten i tillegg..
Nysgjerrigheten min blei vekt.
Og eg såg sjansen min då Imke reiste på jobb og lot meg vera heime. Noko som eg forresten sat veldig pris på, sidan det var litt i overkant kaldt ute.
Så hadde ho ikkje rydda vekk boksen med gastro-maten i.
Til det må eg seie at eg alltid blir litt usikker på om kva slags mat eg eigentleg får lov til å ete når eg er aleine heime.
Eg har på følelsen at ho av og til let noko mat ståande tilgjengeleg for meg, i tillfelle at ho blir sein, eller at ho kanskje trur at eg blir sulten mens ho er borte (noko som eg jo alltid blir).
Men når det står mat så lett tilgjengeleg på stogebordet, blir eg litt mistenksam.
Då eg var liten valp, så satte ho nemleg opp feller til meg.
Ho la for eksempel ei brødskive eller salamiskive på bordet, og gjekk ut av rommet.
Og eg var jo berre ein uskyldig, liten, intetanande valp og trudde at ho hadde satt det fram til meg.
Det hadde ho visstnok IKKJE.
For då eg skulle ete det som stod der, kom ho plutseleg inn med eit brak, og laga masse rar høg lyd og kasta seg nesten over meg.
Huff.
Eg skjønner nå at det er skummelt å ta mat frå bordet.
Men på den andre sida... eg kan jo høyre bilen starte, og då kjenner eg meg trygg.
Men eg trur at denne gongen au var det noko lureri.
Fordi den boksen ho hadde gått frå på bordet, den inneholdt IKKJE MAT.
Sjølv om det stod Gastro-MAT på den.
Eg prøvde.
Virkeleg.
Mat er mat.
Tenker nå eg.
Men nei da.
Dette var IKKJE godt.
Og eg som hadde gleda meg så veldig til ein liten snacks midt på dagen.
Som lukta såå godt!
Men dette pulveret var ikkje godt altså.
Det smakte nesten bedre med sjølve boksen.
Jaja.
Nå veit eg det i alle fall.
Ikkje stol på etiketten. Og ikkje på maten som Imke set på bordet før ho reiser på ein lengre tur.
Eg kan bli lurt!
Men men. Eg gjev meg ikkje.
Alle dei gongene eg faktisk får tak i noko etande er verdt bryet med å prøve.
Så berre fortsett med å sette fram mat til meg, Imke!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar