søndag 13. juni 2010

Det er sommar (snart)...

Eg hev ikkje blogga på lenge. Imke hev ikkje hatt tid te det, fordi ho begynte å jobbe igjen og så er ho alltid så opptatt med treninga.
Det er heilt greitt for meg.
Som eg sa tidlegare: Eg hev viktigare ting å gjera enn å blogge.
Kvile, for eksempel.
Sove.
Hente meg inn igjen.

For tida så likar eg også godt å ligge ute å sole meg. Det er så deileg å bli ordentleg varm.
Dessutan må eg jo pleie brunfargen min.

Men det som gjer at eg ikkje hev ro heller til å blogge, er at eg plutseleg er så opptatt av andre bikkjer.
Det er magisk.
Alt luktar så deileg!

Spesielt Turbo. Han er så kjekk og sporty. Ah, eg skulle ønske at han hadde meir tid te meg. Eller at eg kunne vera meir ute aleine.
Men av ein eller annan merkeleg grunn stolar ikkje Imke på meg for tida.

Etter fire-fem minuttar, når eg er midt i snuse- og patruljerunden min her i reviret mitt, så står ho utanfor huset og ser etter meg.
Det hendar at ho ropar også.
Uff, slitsamt.
Men eg kjem likevel, fordi det er ganske ofte at eg får noko godt når eg kjem inn.
Og sidan eg kjenner meg frykteleg underernæart, er eg nesten nødd til å ta imot all den maten eg kan få tak i.
Også om det berre er ein bitteliten godbit.

Nå fekk eg Imke til å laste opp litt bilder frå dei siste dagane:

Eg heldt ut lenge, men det blei ganske varmt til slutt.

Imke blei nysgjerrig på kor varmt det eigentleg var der eg låg og sola meg, midt på dagen. Så ho la eit termometer der og venta...

Det er da ikkje så verst? Eller? Eg har jo pels til isolasjon og har aldri blitt solbrent.

Ein av dagane var eg flink og hjelpte naboen med å rydde opp i bakerrommet. Det var spesielt ei bøtte, som ikkje var heilt rein. Der låg det masse bakevarerestar oppi, og ein del mjøl. Eg ser ut ja ho er så opptatt med baking og barn og jobb, at eg ville hjelpe litt. Eg fekk tak i nesten alt som var oppi bøtta. Men eg skjønner ikkje at dei kallar den for "søppelbøtta"...

Av ein eller annan grunn skjønte Imke kva eg hadde gjort for noko den dagen.

Men nå er det nok blogging for i dag, seier Imke.
Greitt for meg.
Eg skal slappe av litt til, eg...
Hm... det er noko av det beste eg veit... midt på sofaen med masse ullteppe...

1 kommentarer:

  1. Very nice picture, and your blog is an excellent read and considered. I like it very much. Come take a look Teuvo images www.ttvehkalahti.blogspot.com blog and tell your friends Teuvo Photos blog, advise them to go there for that performance is achieved in your country's flag above my blog. September Sincerely Teuvo Vehkalahti Suomi Finland

    SvarSlett