Jaja sånn er det.
Eg får ikkje blogge for tida.
Me har ikkje hatt internett på snart to veker.
Så når Imke først har tilgang på nett, så bruker ho det til andre ting.
Og greitt er det for meg.
Dess meir har eg å fortelle neste gong.
Akkurat nå så er eg med på jobb igjen. Men eg er heldig, fordi eg får ligge i buret mitt med døra åpen... ah.
Så får eg i alle fall kome meg litt ut.
I stad så sneik eg meg bort til søppelbotta, då Imke var opptatt med å prate te ein kollega. Ho merkar det nesten ikkje at eg hadde kome meg forbi henne og stod nesten heilt under skrivebordet og fiska ut eit lite mellomleggspapir, som lukta kjempegodt.
Men det fekk eg ikkje behalde.
Eg blei oppdaga.
Eg skjønner ikkje at eg ikkje fekk lov te å ete det opp.
Brukt mellomleggspapir er da nesten like godt som sjølve brødskiva!?
Men av og til er eg og Imke ikkje einige.
Kanskje spesielt når det gjeld visse typar mat.
Det minner meg om ein fin tur me har hatt ein kveld.
Imke: Nei dette der bloggar me ikkje om, Binna.
Binna: Men dette er da min blogg, eg kan da blogge om hot eg vil?
Imke: Ja men viss du skal fortelle om alt det ekle du av og til finn på å eta, så er det ikkje sikkert nokon har lyst te å lese bloggen din.
Binna: Men eg synst at eg var heldig som hadde funne noko halvgamalt -
Imke: Nei veit du, me skal ikkje blogge om oppkast her!
Binna: Berre fordi DU ikkje likar det???
Imke: Ja du skjønner, det kan hende det er vanleg folk som er innom bloggen her og vil lese noko hyggeleg om ein søt brun sjokoladelabrador som du er. Og så skal dei liksom lese om oppkast og søppelmat? Du skremmer jo bort alle saman!
Binna: Men eg vil blogge om det eg har lyst te å blogge om, og du har sagt at du berre skal vera ein slags sekretær, sidan eg sjølvsagt ikkje kan skrive sjølv. Og når eg får lov te å vera hund, så vil eg også fortelle om korleis det er å vera hund, og då høyre slike godsaker som oppkast ved vegen med. Sånn er det.
Imke: OK, som du vil. Då skriv me om det. Men ikkje bli forundra om ingen les dette her.
Binna: Nei da.
Ja nei nå mista eg litt lysten te å fortelle om det som var igjen av gult guffent i ein brøytekant langs vegen som eg oppdaga på ein av våre kveldsturar. Men godt smakte det.
Eg kan ikkje skjønne at Imke ikkje likar slikt.
Ho et jo sylteagurk, og DET smakar ganske surt det også.
Men men.
Dagane har gått fort sidan sist blogginnlegg.
Eg har vore med Imke på jobb, me har vore på løpeturar, eg har undersøkt søppelsekkinnhaldet til naboen min og gjort nokre gledelege oppdagelsar, eg har oppdaga at Imke har kjøpt ein kjempesvær og veldig kul ball, men er ikkje sikker på om den er til meg sjølv om eg har veldig lyst te å leike med den, så påstår Imke at eg ikkje kan det, og at ho treng ballen til å trene..
nåja.
Det er jo slik at ho stort sett skal ha alt for seg sjølv.
Eg har fått ein ny godstol!
Endeleg.
Eg har alltid hatt ein fast godstol, både mens me budde i Vinje, og mens me budde i Bø.
Men her i Seljord har eg måtta dele sofaen med Imke heile tida.
Det er jo koseleg, det au.
Men eg kunne vel tenkt meg å ha ein plass heilt for meg sjølv.
Der eg også har litt oversikt over viktige område, som over bordet, for eksempel.
Den stolen har eg endeleg fått!!!
Sjølv om Imke her også påstår at det var HO som fekk den, og at den ikkje var til meg. Men eg legg meg i den likevel.
Imke er så veik at ho nok ikkje maktar å jage meg ned.
Hehe.
fredag 22. januar 2010
fredag 1. januar 2010
Kven er eg?
Når Imke fann eit par spennande bloggar om labradorar som er førerhundar, meinte ho at eg kanskje burde fortelje litt meir om meg sjølv og om kven eg er.
Eg ikkje veit om eg vil det.
Eg er tross alt berre ein hund. Er ikkje det nok?
Men eg skjønner kva ho meinar.
Så får eg då heller fortelje.
Eigentleg så skulle eg vel berre vera til selskap. Men eg er fødd i november, og flytta inn til Imke akkurat for 9år sida, 1.januar 2001.
Og i Vinje, der eg er fødd, og der med budde fram til eg blei litt over eit år, er det mykje snø på den tida.
Saman med Ylva, mammaen min. Det var mykje spennande ho fann under snøen.
Og då Imke såg at eg likte meg godt i snøen og var flinkt til å finne leiketøy som ho hadde gravd ned i snøen, fekk ho idéen om at eg kunne bli redningshund viss eg hadde lyst.
Eg var alltid flink til å finne igjen vottar, og ta vare på dei.
Og det visste eg jo ikkje om eg hadde, fordi eg hadde jo ikkje aning kva det heile ville dreie seg om. Men eg skulle få leite etter gjenstandar, og mest av alt, etter folk, og ha det moro, og får masse belønning, og det likar eg jo.
Det var mykje moro me hadde då når me leika i snøen, men ein blir fort sliten som liten valp.
Så begynte me å trene saman på Rjukan, med Norske Redningshunder. Det var berre begynnelsen på ei tid med mykje trening, moro, godbitar, bilkøyring, venting, folk som eg skulle leite opp etter eller gå spor etter, eller finne igjen gjenstandar som blei lagt ut i skogen og mykje mykje meir.
Det må eg fortelje meir om ein annan gong, for nå meinte Imke at det burde vera nok for i kveld. Det synst eg ikkje er rart i det heile tatt.
Me har vore ute på løpetur i dag, i ein time.
Det er godt å ta det med ro etter ein heil time på løpetur ute i kulda. Deileg er det å ligge på golvet med varmekablane på badet...
Og nå kosar me oss nå i den varme stoga. Og mens eg eigentleg ligg på saueskinnet mitt ved ovnen og kosar meg med jole-tyggebeinet mitt, så har Imke sitte og skanna inn gamle bilder og skrive inn alt dette her.
Eg er glad for at eg er ein hund.
Så kan eg overlate alt det kompliserte til andre...
Eg ikkje veit om eg vil det.
Eg er tross alt berre ein hund. Er ikkje det nok?
Men eg skjønner kva ho meinar.
Så får eg då heller fortelje.
Eigentleg så skulle eg vel berre vera til selskap. Men eg er fødd i november, og flytta inn til Imke akkurat for 9år sida, 1.januar 2001.
Og i Vinje, der eg er fødd, og der med budde fram til eg blei litt over eit år, er det mykje snø på den tida.
Saman med Ylva, mammaen min. Det var mykje spennande ho fann under snøen.Og då Imke såg at eg likte meg godt i snøen og var flinkt til å finne leiketøy som ho hadde gravd ned i snøen, fekk ho idéen om at eg kunne bli redningshund viss eg hadde lyst.
Eg var alltid flink til å finne igjen vottar, og ta vare på dei.Og det visste eg jo ikkje om eg hadde, fordi eg hadde jo ikkje aning kva det heile ville dreie seg om. Men eg skulle få leite etter gjenstandar, og mest av alt, etter folk, og ha det moro, og får masse belønning, og det likar eg jo.
Det var mykje moro me hadde då når me leika i snøen, men ein blir fort sliten som liten valp.Så begynte me å trene saman på Rjukan, med Norske Redningshunder. Det var berre begynnelsen på ei tid med mykje trening, moro, godbitar, bilkøyring, venting, folk som eg skulle leite opp etter eller gå spor etter, eller finne igjen gjenstandar som blei lagt ut i skogen og mykje mykje meir.
Det må eg fortelje meir om ein annan gong, for nå meinte Imke at det burde vera nok for i kveld. Det synst eg ikkje er rart i det heile tatt.
Me har vore ute på løpetur i dag, i ein time.
Og nå kosar me oss nå i den varme stoga. Og mens eg eigentleg ligg på saueskinnet mitt ved ovnen og kosar meg med jole-tyggebeinet mitt, så har Imke sitte og skanna inn gamle bilder og skrive inn alt dette her.
Eg er glad for at eg er ein hund.
Så kan eg overlate alt det kompliserte til andre...
Etiketter:
løping,
minner,
Norske Redningshunder,
tur,
valpetid
Abonner på:
Innlegg (Atom)