Eg ikkje veit om eg vil det.
Eg er tross alt berre ein hund. Er ikkje det nok?
Men eg skjønner kva ho meinar.
Så får eg då heller fortelje.
Eigentleg så skulle eg vel berre vera til selskap. Men eg er fødd i november, og flytta inn til Imke akkurat for 9år sida, 1.januar 2001.
Og i Vinje, der eg er fødd, og der med budde fram til eg blei litt over eit år, er det mykje snø på den tida.
Saman med Ylva, mammaen min. Det var mykje spennande ho fann under snøen.Og då Imke såg at eg likte meg godt i snøen og var flinkt til å finne leiketøy som ho hadde gravd ned i snøen, fekk ho idéen om at eg kunne bli redningshund viss eg hadde lyst.
Eg var alltid flink til å finne igjen vottar, og ta vare på dei.Og det visste eg jo ikkje om eg hadde, fordi eg hadde jo ikkje aning kva det heile ville dreie seg om. Men eg skulle få leite etter gjenstandar, og mest av alt, etter folk, og ha det moro, og får masse belønning, og det likar eg jo.
Det var mykje moro me hadde då når me leika i snøen, men ein blir fort sliten som liten valp.Så begynte me å trene saman på Rjukan, med Norske Redningshunder. Det var berre begynnelsen på ei tid med mykje trening, moro, godbitar, bilkøyring, venting, folk som eg skulle leite opp etter eller gå spor etter, eller finne igjen gjenstandar som blei lagt ut i skogen og mykje mykje meir.
Det må eg fortelje meir om ein annan gong, for nå meinte Imke at det burde vera nok for i kveld. Det synst eg ikkje er rart i det heile tatt.
Me har vore ute på løpetur i dag, i ein time.
Og nå kosar me oss nå i den varme stoga. Og mens eg eigentleg ligg på saueskinnet mitt ved ovnen og kosar meg med jole-tyggebeinet mitt, så har Imke sitte og skanna inn gamle bilder og skrive inn alt dette her.
Eg er glad for at eg er ein hund.
Så kan eg overlate alt det kompliserte til andre...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar