Akkurat som i går.
Fordi Imke skulle ha selskap på jobben.
Ja da.
Men får eg betalt for det?
Det er jo litt av ein jobb eg gjer når eg er med på kontoret og passar på.
Sjølv om eg ikkje har lov til å seie ifrå når det kjem folk.
Det er visst heile poenget med eit skimuseum-at folk kjem dit.
Og Imke ser også sjølv når det kjem folk, så eg treng eigentleg ikkje engasjere meg stort.
I dag var det ein heil gjeng med pensjonistar innom. Ein av dei kom bort til meg og klappa meg. Å, det var herleg.
Eg trur at han visste akkurat høss eg likar å bli klappa, pussig det.
Men utpå ettermiddagen hadde eg mest lyst til å kome meg heim..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar