onsdag 9. desember 2009

Eg er tilbake!

Ja ja.
Det var da litt av ein idé, at eg skulle få min eigen blogg.
Men hot skjedde?
Imke la beslag på PCen omtrent heile tida, og blogga og surfa og tok seg ikkje tid til å skrive mine innlegg også.
Ho trur nemleg at ho kan skrive og vedlikehalde heile tre bloggar, på tre språk!
Ha!
Mennesker er litt rare, tenk alt dei skal gjera på ein gong.
Ikkje rart ho er sliten for tida.

Men nå har eg endeleg fått ho til å skrive innlegg i bloggen min.

Eg har nemleg fått løpetid.
Løpetid!
Løpetid!
(Er det ingen her? Hallo?)

Eg er så klar.
Såå klar.
Men Imke slepp meg omtrent ikkje ut aleine for tida.
Korleis skal eg då bli kjent med andre?

Det bur ein kjekk annan brun labrador ikkje så langt unna.
Me pleier å koma forbi plassen der han blir lufta, når me er ute og går tur.

Eg har lagt igjen så mange velduftande merke eg rakk før eg blei dratt vidare.
Nokre har blitt følgt opp.
Men eg har ikkje møtt nokon, dessverre.

Eg får ta til takke med Turbo da.
Han er veldig deileg: slank, sporty, velbygd, han luktar godt, er på min alder og høflig og morsam. Han er også ganske avslappa og ikkje spesielt lettstressa. Dessutan masar han ikkje så veldig heller.
Er han ikkje kjekk?
Dessverre er han ikkje ute heile tida, men når han er ute, er han alltid klar for eit lite romantisk eventyr.
Pussig nok, så synst Imke at det er heilt greitt.
Men det er bra.
For eg likar det godt.
Siste gong eg hadde eit romantisk eventyr var for over eit år sida, sist sommar då me var på løpetur ogmøtte "Bamse", ein svært sporty og flott Border Collie hann som av og til følgde oss eit stykke på turen.
Men rart nok, så blei Imke plutseleg veldig stressa og sint, og begynte å kjefta, og drog meg med seg.
Kvifor det, tru?
Bamse gjorde sitt beste for å halde følge med oss. Imke sprang og slepte meg etter seg.
Eg skjønner ikkje hot som var gale med Bamse. Han har følgt oss på så mange løpeturar, han viste at han var sporty, uthalden, frisk, høflig og var også flink til å gjete kyrne på garden der han budde.
Hot meir kunne me ønske oss av ein valpefar?

Nåja.
I alle fall så er det bra at eg får lov til å halde på med Turbo, ellers hadde eg blitt sprø.
Her er det eit bilde av oss frå sist vinter..
Er me ikkje eit fint par?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar