torsdag 31. desember 2009

På jobb

I dag var eg med på jobb.
Akkurat som i går.
Fordi Imke skulle ha selskap på jobben.
Ja da.
Men får eg betalt for det?

Ikkje det at eg har bruk for pengar. Men eg kunne nå i alle fall få littegrann ekstra mat i alle fall.
Det er jo litt av ein jobb eg gjer når eg er med på kontoret og passar på.
Sjølv om eg ikkje har lov til å seie ifrå når det kjem folk.
Det er visst heile poenget med eit skimuseum-at folk kjem dit.
Og Imke ser også sjølv når det kjem folk, så eg treng eigentleg ikkje engasjere meg stort.

I dag var det ein heil gjeng med pensjonistar innom. Ein av dei kom bort til meg og klappa meg. Å, det var herleg.
Eg trur at han visste akkurat høss eg likar å bli klappa, pussig det.

Men utpå ettermiddagen hadde eg mest lyst til å kome meg heim..
Det er jo ein lang dag for meg også. På jobb. Eg er jo tross alt berre ein hund...

tirsdag 29. desember 2009

Jol

Det var ei travel tid fram te jol og Imke hadde lite tid til overs te å skrive blogginnlegga mine.

Vel, det er ikkje så mykje å fortelje eigentleg.
Det har blitt ordentleg vinter her.
Me har gått ein del turar:
Heldigvis får eg lov te å springe laus. Det skulle berre mangla. Eg kjem ALLTID når Imke ropar. Altså, nesten i alle fall.

Eg er sikker på at det ikkje er så lenge sida at det var eit rådyr inni der ein stad..

Av og til er det nokre skikkelege godbitar å finne langs vegen. Eg kan ikkje skjønne at folk kastar all den maten som fortsatt er etande ?!??

Så blei det joleftan og fekk gåve:
Eg skjønner heller ikkje at Imke pakka inn gåva mi.
Eg visste jo alt då ho sat seg ved sida av meg i bilen med handleposen at ho hadde kjøpt eit tyggebein til meg til jol.
Men så er det vel noko med tradisjon, det, med å pakke inn gåver. Då eg var liten valp likte eg godt å rive av papiret rundt pakkene eg hadde fått.
Men nå set eg eigentleg meir pris på det som er inni.
Og godt var det, å få tyggebein.
Nam.

tirsdag 15. desember 2009

Sofatid


Det er ikkje så mykje eg får sagt i dag.
Imke har fri og har opptatt PCen med Facebook, FishWorld, e-post og andre rare greier..
Ja ja,
eg får berre ligge her og slappa av i mens eg.
Godt eg har nok teppe....

onsdag 9. desember 2009

Eg er tilbake!

Ja ja.
Det var da litt av ein idé, at eg skulle få min eigen blogg.
Men hot skjedde?
Imke la beslag på PCen omtrent heile tida, og blogga og surfa og tok seg ikkje tid til å skrive mine innlegg også.
Ho trur nemleg at ho kan skrive og vedlikehalde heile tre bloggar, på tre språk!
Ha!
Mennesker er litt rare, tenk alt dei skal gjera på ein gong.
Ikkje rart ho er sliten for tida.

Men nå har eg endeleg fått ho til å skrive innlegg i bloggen min.

Eg har nemleg fått løpetid.
Løpetid!
Løpetid!
(Er det ingen her? Hallo?)

Eg er så klar.
Såå klar.
Men Imke slepp meg omtrent ikkje ut aleine for tida.
Korleis skal eg då bli kjent med andre?

Det bur ein kjekk annan brun labrador ikkje så langt unna.
Me pleier å koma forbi plassen der han blir lufta, når me er ute og går tur.

Eg har lagt igjen så mange velduftande merke eg rakk før eg blei dratt vidare.
Nokre har blitt følgt opp.
Men eg har ikkje møtt nokon, dessverre.

Eg får ta til takke med Turbo da.
Han er veldig deileg: slank, sporty, velbygd, han luktar godt, er på min alder og høflig og morsam. Han er også ganske avslappa og ikkje spesielt lettstressa. Dessutan masar han ikkje så veldig heller.
Er han ikkje kjekk?
Dessverre er han ikkje ute heile tida, men når han er ute, er han alltid klar for eit lite romantisk eventyr.
Pussig nok, så synst Imke at det er heilt greitt.
Men det er bra.
For eg likar det godt.
Siste gong eg hadde eit romantisk eventyr var for over eit år sida, sist sommar då me var på løpetur ogmøtte "Bamse", ein svært sporty og flott Border Collie hann som av og til følgde oss eit stykke på turen.
Men rart nok, så blei Imke plutseleg veldig stressa og sint, og begynte å kjefta, og drog meg med seg.
Kvifor det, tru?
Bamse gjorde sitt beste for å halde følge med oss. Imke sprang og slepte meg etter seg.
Eg skjønner ikkje hot som var gale med Bamse. Han har følgt oss på så mange løpeturar, han viste at han var sporty, uthalden, frisk, høflig og var også flink til å gjete kyrne på garden der han budde.
Hot meir kunne me ønske oss av ein valpefar?

Nåja.
I alle fall så er det bra at eg får lov til å halde på med Turbo, ellers hadde eg blitt sprø.
Her er det eit bilde av oss frå sist vinter..
Er me ikkje eit fint par?